lørdag 30. april 2011

Bok 29 2011: "Bumerang" av Tatiana de Rosnay

Det er vanskeleg å skrive om handlinga i denne romanen utan å røpe mykje av innhaldet, så eg nøyar meg med å seie at den handlar om eit søskenpar i 40-årsalderen som finn ut noko som har vore halde hemmeleg for dei. Boka er spennande og velkomponert i byrjinga på grunn av ei veksling i synsvinkel der vi inne i historia får lese gamle brev frå ein ukjend person. Etter kvart bryt forfattaren dette mønsteret, og romanen taper seg fort. Mykje av innhaldet er klisjéprega, og den mannlege hovudpersonen er noko irriterande oppteken av kvinnekroppar. Fokuset skiftar stadig, personar betyr mykje ei stund men blir deretter gløymde. Det verkar faktisk som om forfattaren har skrive litt etter innfallsmetoden.

Eit stort pluss for franskuttalen til Ola G Furuseth, som høyrest fin og naturleg ut i mine amatørøyre.

4 kommentarer:

  1. Med det samme eg såg omslaget, meinte eg at eg hadde lese denne boka. Men sidan eg ikkje finn den på bloggen, og ikkje hugsar eit kvekk, kan det hende eg forvekslar omslaget med det på Roy Jacobsen si bok-det liknar. Forfattaren er i alle fall den same som har skrive Saras nøkkel som også er spennande ei stund; men så kokar heile greia bort i kålen etter kvart.

    SvarSlett
  2. Eg meiner mamma har lese den og var passeleg begeistra. Eg har den liggande ...

    SvarSlett
  3. Og ser no at eg har lese den utan å hoppe i taket http://solveigsiside.blogspot.com/2011/03/bok-12.html

    SvarSlett
  4. Ingen grunn til begeistring...

    SvarSlett