fredag 15. april 2011

Ein glad gut

Barnefaren tok i dag med Storegut inn på den lokale musikkbutikken og fekk han til å prøve ein gitar. "Likar du den? Den er din!" var meldinga han fekk. Begge sett besteforeldre gav han pengar, og vi foreldra la til resten for å løyse ut vidunderet. Lukka var stor, kan eg melde.

Deretter samla familien, som i høve dagen også inneheldt Kompis T, seg på Landscape til ein betre bursdagsmiddag.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med guten og gitaren. Eg knabba bildet frå facebook, men visste ikkje samanhengen.

    SvarSlett