torsdag 14. april 2011

Hjarteeple

Når ein får ei utfordring, bør ein vel ta den på strak arm?

Systa har gjeve meg ein "award", og eg takkar djupt og audmjukt for den. No skal eg gjere mitt beste for å sende prisen vidare til andre i "bloggosfæren", etter den oppskrifta eg har fått tilsendt.

Slik er det:

Prisen skal gå til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at vi kan inspirere kvarandre.

1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar.
3. Ein må svare på fem spørsmål.


Fem bloggarar eg vil sende vidare til:
1. Strikkemor(o) fordi hennar blogg var det som inspirerte meg til å prøve meg. Ho lagar mykje fint og tek fantastiske bilete.
2. Besta fordi ho er eit føredøme for andre pensjonistar når det gjeld å halde seg orientert og oppdatert.
3. Øystein fordi han som etternølande mann no har sett nytteverdien av å nå ut til folket også på Internett.
4. Karoline fordi ho er så positiv til det meste, og såleis gir inspirasjon til andre.
5. Nynorskbloggen fordi den ligg nede for tida, og fordi eg lever i håpet om at dei artige jentene skal halde fram med blogginga si.


Eg kunne ha nemnt mange fleire, men måtte gjere eit utval. Bloggane blir det vi gjer dei til sjølve, og det er ekstra interessant å følgje bloggane til slekt og kjenningar.




Så til spørsmåla:
Kvifor starta du å blogge?
Eg las andre sine bloggar og tenkte eg skulle prøve meg, utan eigentleg å ha nokon plan med det. Skriving og fotografering er noko eg set pris på å gjere uansett, og her fekk eg høve til å kombinere desse på ein lite pretensiøs måte.


Kva slags bloggar følgjer du?
Eg les først og fremst bloggane på lista mi, men har òg ein del elevbloggar som eg les meir sproradisk. Sidan eg arbeider med ungdom, er det alltid interessant å sjå kva dei er opptekne av "på privaten". Mange av dei er dessutan flinke til å ta bilete. Blogging er ein del av den nye mediaverda, så eg prøver å halde meg orientert når det gjeld ulike undersjangrar (interiør, mote o.l.) utan at dette er interessant anna enn som fenomen. Bloggparodi er ein sjanger eg skulle ønske eg hadde funne på sjølv.


Favorittfarge?
Blå


Favorittfilm(ar)?
Dette er eit vanskeleg spørsmål, sidan eg har sett og sett pris på svært mange filmar i fleire sjangrar. Eg er svak for filmatiseringar av klassiske romanar av forfattarar som Jane Austen og Charles Dickens, men kan òg like klassiske skrekkfilmar som "The Shining" og "The Omen". Viss eg skal trekke fram, og det skal eg visst, eit par filmar som eg kunne ha sett mange gonger, ville det til dømes vere "Gjøkeredet", "Stekte grønne tomater" og "Tid for ømhet". Jack Nicholson er ein av mine absolutte favorittskodespelarar.  


Kva land vil du besøke- og kvifor?
Eg kunne godt ha reist kvar som helst, men akkurat no har eg lyst til Spania. Årsaka er at eg lengtar etter sol og sommar, men òg at eg har lese og høyrt litt om spansk kultur og kunst som har fascinert meg.  Eit meir eksotisk reisemål er Australia, der dyreliv og natur ville ha stått i fokus. Familieferien går i år til Danmark, som er eit triveleg land for barnefamiliar. Elles blir eg gjerne med både til Paris, Dublin og Washington DC viss nokon vil ha meg med!


Sånn - oppdrag utført!

1 kommentar: