lørdag 9. april 2011

Klar for basar

Laurdagen har blant anna gått med til å bake eit par kaker (Wivianns ostekake og Original Oreo) og reise til grendahuset for å gjere klar til morgondagens ungdomslags-basar. Innimellom har Eldstejenta og Minstemann vore i selskap, Eldstejenta og eg har gått tur med nabohunden Pelle, Veslejenta og Nabojenta har styra mykje ute og vi har alle rydda og ordna så her skal bli litt fint til kvelden.

Eg er framleis noko forkjøla og elendig, så no lagar jentene tacos så vi skal kose oss og slappe av i heimen.

1 kommentar: