lørdag 23. april 2011

Påskeaftan i Brundalen








Når temperaturen brått bikkar tjue varmegrader, må ein til å revurdere skiplanane. Turen gjekk i dag til setra i Brundalen, der isen smelta på vatnet utover dagen, og der sola skein som på ein vakker sommardag. Med eingongsgrill og pølser i sekken vart det middag ute i dag igjen, og til dessert vart det kvikk lunsj. Det einaste som minte oss på at det er påskeferie, ikkje sommarferie.

1 kommentar:

  1. Det er herlig å komme seg ut for døra! Eg gikk tur med Ingar og Vebjørn, og sistnemde fekk opp farten då han kjende seg att på vegen til Vikemarka. Rasmus og Eivind kom så dei to eldste fekk leike seg i dag også. Takk for bildet på telefonen. Eg kjende meg att!

    SvarSlett