søndag 17. april 2011

Skogstur på palmesøndag



Det er dårleg med palmeskog på våre kantar, men or, bjørk og gran er her rikeleg av. Etter middag og kunstutstilling tok eg med mine + naboens to yngste (og hundane) på ein tur i skogsvegen. Barnefaren kjørte oss opp i krysset der ein kan kjøre inn i Geildalen, og så gjekk vi heim. Det tok halvannan time, og det var friskt og godt å vere ute. Bianca badar i alle elvar ho ser, og det er rekordmange akkurat no. Dei to yngste gutane leika Star Wars, og Bau måtte spele rolla som "General Grievous".

2 kommentarer:

  1. her har vi ikkje vore ute for ei dør. Var det betre ver der inne ,kanskje?

    SvarSlett
  2. Nei, ikkje særleg fint, men det var opplett det meste av turen.

    SvarSlett