søndag 21. september 2008

Ein fredeleg søndag på landet




Så vart det ikkje familietur i dag heller. Eldstejenta ville heller lese bok og ri, Nummer 2, 3 og 4 leika og hoppa på trampoline. Det var så nydeleg ver at eg berre kika opp i fjellsidene, men ungane treng å få leike fritt og kose seg i heimen òg. Sjølv sneik eg meg til å klippe ein plen (det næraste eg kom tur i ulendt terreng), og Gubben hadde nok å gjere med å børste Bianca. Medan han laga middag, gjekk eg ein lang tur på vegen med bikkja - no skal ho halde seg pen til neste helg. Og middagen, den bestod av årets første hjortekjøt. Hausten er komen, ingen tvil om det.

Medan dette blogginnlegget vart skrive, laga eldstejenta brownies - til stor glede for resten av familien. Ho hadde planar om å ha med restar på skulen, men det vart ingen restar denne gongen heller.

3 kommentarer:

  1. Her har vi ikkje hatt vilt i dag, men nydelig lapskaus av ein tam okse+++++
    Det er viktig å kose seg og ladde batteria med ein fredelig dag.

    SvarSlett
  2. Ungane har det vel så travelt i vekene at dei også treng "time-out". Vi hadde steikte kotelettar til middag, lagt lagvis i ei form med gulrøter, poteter og tomat på boks. Eg gløymde løk, kvitløk og chili passar også, men ikkje før konsert.
    Journalisten skulle dekke Hødd-kampen for smp og VG, trur eg.

    SvarSlett
  3. På bilda ser eg at nr.1 har arva håret til mora .Det er tradisjon her i slekta å få meir og mindre krøllar i 12-14-årsalderen.
    Hadde tenkt å kjøpe den Indiana Jones-filmen som nr.4 mangla, men hadde inga aning om tittelen.Guten ser skikkelig tøff ut i "kostymet" sitt!

    SvarSlett