lørdag 6. september 2008

Kollega/venninne 29


Torsdag hadde ei super dame sin første 29-årsdag. Ho feira det med café i går kveld, og eg skulle så absolutt vere der trass forkjøling og Polenturog eg veit ikkje kva. Men: det viste seg at Gubben var sett opp som sjåfør for fotball-laget til eldstejenta, og at dei vart seinare heim enn først rekna med (dei kom heim 22.00). Eg vart noko skuffa over å ikkje få vere med på feiring, og eg har store planar om å få gjort det godt att på eit vis. Går det ikkje an å feire fleire gongar, kanskje? (For dei som synest fotball er viktig, så kan eg legge til at Volda tapte 3-0. Som om det betyr noko i ei slik stund).

2 kommentarer:

  1. Det kan no hende du hadde godt av å slappe av litt. Viss bildet ikkje er ein bløff, så hadde du litt å kose deg med heime også.
    Vi åt middag på Samvirke-kafeen i går. Det var som å bli sett 40 år tilbake i tid.(Svinekotelettar med brun saus!) Vi skulle eigentleg ete på kinarestauranten, som vanlig, men dei opna litt for seint.

    SvarSlett
  2. Biletet er eit minne frå Londonturen - ein dessert som eg også gjekk glipp av, på grunn av altfor god middag...

    SvarSlett