lørdag 27. september 2008

D'er haust. Det ruskar ute med regn og kalde vind.





Så var det slutt på fineveret for denne gong. Gubben og Eldstejenta reiste til Bergen, og Nummer 2 skulle i selskap. Dei to yngste fann roa med innandørs aktivitetar som lesing og teikning. Resultatet av teikneøkta vart eit hefte der i alle fall tre teikningar omhandla Gamlas suverenitet som mor med påfølgjande illustrasjonar. Gamla har jobba med skulearbeid, vaska klede og gjort vanlege Gamla-ting. Ho hadde seg dessutan ei triveleg handlerunde på Amazon.com, der det "aular" av bøker frå Auschwitz, mellom anna. Utvalet av bøker på engelsk er berre heilt utruleg, og prisane er langt hyggelegare enn på norske bøker. Uveret får berre kome; dersom eg vert liggande søvnlaus fordi det ular rundt hushjørna, har eg i alle fall noko spennande å lese.

1 kommentar:

  1. Vi var ein tur på bruktbutikk i dag og kjøpte eit gammalt brukt kjøkkenbord til å ha å sette blomster på- i kjellaren- i håp om at kanskje nokre overlever til neste sommar.Nils har fått hjelp til å bere den gamle frysaren opp i garasjen. Den har no fått namnet FISKEFRYSAREN.Andre ting kjem i fokus når det plutselig blir innever.Eg strikkar lester for eksempel.

    SvarSlett