onsdag 3. september 2008

Feber-fri

Tysdag var det foreldremøte, og eg bestemte meg for å bli att på jobb for å "jobbe meg frampå litt". Den planen gjekk fort i vasken då idéen om å gå på café vart lansert av ein god kollega. Møtet gjekk greitt, men på veg ut av ferja på heimveg kjende eg at eg fraus frykteleg. Det vart berre verre og verre, og enden på visa var at eg sov i godstolen om natta, inntulla i tre pledd. Gubben var (sjølvsagt) like sjuk (minst), så dagen i dag har vore relativt roleg. Ungane har styrt seg sjølv med data og play station medan vi vaksne prøvde å kome oss på beina att. Eg gjekk ein relativt lang tur med bikkja, sveitta som ein gris og dusja lenge etterpå. Då følte eg meg såpass at eg kunne planlegge litt av dagen i morgon og rette ein bunke med gloseprøver. Eg måtte le då eg skreiv "very good" på ei prøve som hadde 19 av 30 rette - kanskje burde eg ha litt feber for å vere ein positiv lærar?

1 kommentar:

  1. God betring! Håper du vert i fin form til turen!!!!!!!!!!!!!!
    Solveig

    SvarSlett