tirsdag 16. september 2008

Bok nummer 28: "Snømannen" av Jo Nesbø


Denne boka "las" eg som digibok på turen. Vi brukte mykje tid i bussen, men likevel vart eg ikkje ferdig med boka før vi var i Gol. På heimveg. Då hadde eg slite ut to sett med batteri og kome godt i gang med det tredje. Krim er favorittsjangeren min, men denne boka vart litt langdryg for meg - kanskje fordi eg allereie visste kven mordaren var (på grunn av fjorårets særemne). Då mordaren vart avslørt, var det over ein time att av digiboka...

4 kommentarer:

  1. Denne boka har eg nyleg lese. Ikkje Nesbø si beste.Eg gjetta tidleg kven morderen var. Dvs.det var kvalifisert gjetting.Krimsjangeren egnar seg for lydbok, men dei fleste bøker er for lange.No les eg Nobels testamente.Likar den godt, så langt.
    Vil du lese annleis krim(?) så prøv Arnaldur Indridason. Han er blitt min nye favoritt.

    SvarSlett
  2. Kanskje ein grunn til at han har funne seg ein ny helt.
    Eg las boka som første lånar på biblioteket. Ein kollega av meg er heilfrelst på krim. Vi las den samtidig.
    Var det ikkje i den boka det var diskutert kor mange menn som verkeleg var far til borna sine? Jamført med kjøtmeis?

    SvarSlett
  3. Jau, det stemmer. Litt søkt drapsmotiv etter mitt syn.

    SvarSlett
  4. Ja, SVÆRT ! Men det er vel ikkje så mykje meir igjen å finne på viss ein skal vere original? Og kva er verdt å drepe for? Utanom sjalusi og pengar? Men Nesbø sine bøker er vanlegvis ganske brutale og til dels groteske. Men han skriv bra, det skal han ha.

    SvarSlett