søndag 28. september 2008

Bok 32: "Biografien om Inger Gulbrandsen" av Maria Konow Lund


Samanlikna med "Angitt av mamma" fortel denne biografien ei langt lystigare historie om ei ressurssterk ungjente frå ein god heim som vert sett i konsentrasjonsleiren Ravensbrück på grunn av motstandsarbeid. Likevel er Inger Gulbrandsen eit så imponerande menneske at ein lett vert riven med. Boka er ei ungdomsbok, og den burde vere pensum, slik eg ser det. Ein lærer mykje om integritet, solidaritet og overlevingsevne i praksis, samtidig som også denne boka inneheld refleksjon når femti år har gått. Samanlikna med tidlegare lesne bøker vil eg seie at denne presenterer SS-soldatane meir nyansert; mange av dei var offer på liknande måte som fangane.

1 kommentar:

  1. Denne høyrest ut som ei bok som ein kunne få lyst å lese. Dette at også tyske soldatar var offer, lærte eg tidleg.Mamma fekk av og til besøk på kjøkkenet sitt av tyske soldatar som heldt til i bunkersen.Dei prøvde å formidle av også dei hadde familie når dei såg Svein og meg. Trur det fekk mamma til å tenkje litt annleis enn mange andre og ho formidla det til oss.

    SvarSlett