lørdag 6. september 2008

Skogsvegen for siste gong på lenge



Veret er nydeleg, men sola kjem seint hit til garden. Det var slik vi begynte å gå til skogsvegen, der sola kjem fleire timar tidlegare. I tillegg er det fint å vere ein stad de hundar kan gå lause, og der trafikken er redusert til ein og annan traktor. I dag var det dei to yngste, Bianca og eg som sykla inn til skogsvegen og gjekk eit stykke oppover. Haustfargane har begynt å kome, men det er framleis gode blåbær å finne. Nummer 2 sykla saman med oss inn til skogsvegen, men så ville han sykle vidare, og enda med å sykle 1,5 mil berre for moro. Vi kom heim før han, så eg gjekk han i møte for å sjå kva som oppheldt han så lenge. Kjeda hadde falle av sykkelen, så turen vart meir strevsam enn nødvendig.

5 kommentarer:

  1. Viss det blir finever også etter Polen-turen, bør de få med dykk Helgehornet også før vinteren.Det er ein tur som heile familien greier, og så kan ein køyre opp eit godt stykke og slepp den kjedelige delen av turen.Eg har vore der på skuletur fleire gonger----det skulle seie sitt.

    SvarSlett
  2. I følge fjellkartet mitt, som eg har scanna og lagt inn på datamaskina, er Helgehornet 625 meter o.h.
    Ein kan køyre opp i Sollidalen, men det beste er å ta av frå vegen ved Hovdevatnet.

    SvarSlett
  3. Eg greier ikkje å halde styr på alle fjellturane dykkar-men har minstemann vore der?
    I dag har vi kjørt rundt Berkneset på den nyrestaurerte vegen.

    SvarSlett
  4. Eg trudde de skulle reise fredag kveld! Når reiser de?

    SvarSlett