mandag 15. september 2008

Auschwitz 1 og 2






Dette vart den mest gripande dagen på heile turen. Å gå gjennom Auschwitz 2 Birkenau var ei sterk oppleving - spesielt å gå strekninga frå perrongen til gasskammera; ei strekning som vart den siste spaserturen for så mange ulukkelege menneske. I Auschwitz 1 fekk vi sjå fleire ting som hadde tilhøyrt dei små og store som hadde pakka sakene sine i påvente av å reise dit. Her var rom med hår, protesar, briller, skor og anna - det sterkaste var å sjå barneskorne. Tre av jentene våre las dikt, song og la ned blomar ved skyteveggen. Mot slutten gjekk vi inn i eit rom med eit minnesmerke der vi skulle lytte til ein jødisk bønesong. Reiseleiaren vår fekk ikkje musikken til å virke, men så kom ei jødisk gruppe og ville dele minnestunda si med oss viss dei fekk lov. Markeringa deira var å lese opp namna på dei døde slektningane, og så lytta dei til musikk og song med sjølve. Fleire av dei gret og knakk saman då dei las namna, og det vart uverkeleg sterkt å ta del i sorga deira over dei mange liva som gjekk tapte for over 60 år sidan.

1 kommentar:

  1. Sjølv om ein har sett utallige bilde og filmar frå desse områda er det sikkert noko heilt anna å vere der.Opplevinga vart sikker forsterka av dei sørgande jødane.

    SvarSlett