mandag 1. september 2008

"Sigurd Slembe" av Bjørnstjerne Bjørnson (bok nr 27)

Eg er svært glad i Shakespeare. Og Ibsen. Bjørnson har eg alltid oppfatta som noko pompøs, men i årets undervisning på VG3 har eg like fullt gjort han til eit satsingsområde. Sidan Riksteateret set opp "Sigurd Slembe" i år, har eg eit håp om at mine søte små skal få reise på teater medan eg er borte i neste veke. Sjølv har eg no lese teksten for å kunne førebu dei litt, og for å få eit innblikk i kva eg går glipp av. På nettet les eg at Bjørnson var inspirert av Schiller og Shakespeare då han skreiv stykket, og at Ibsen vart så begeistra at han seinare skreiv "Kongsemnerne". Schiller har eg aldri lese, men dei andre to ser eg klare likskapstrekk med. Tematikken har særleg slektskap med Shakespeare sine skodespel om diverse meir eller mindre kongelege lagnader - men Bjørnson blir i mine auge ein bleik kopi. Ibsen kan ha blitt inspirert, det er så, men han skreiv uendeleg mykje betre. Det er noko med å skape driv i teksten, noko med å skape karakterar. Teksten gjer det berre i lita grad, så her må det gode skodespelarar til!

5 kommentarer:

  1. Bjørnson var vel aldri nokon stor forfattar, men i samtida var han sikkert populær!Ikkje minst som folketalar.Elles reid han vel på den nasjonalromantiske bølga.Alle forfatterar er vel eit "produkt" av si tid, men somme varer lenger enn andre.At BB kom med blant dei fire store var vel meir tilfeldig enn fortent. Har aldri verken lese eller sett Sigurd Slembe.Men lykke til med førebuinga!

    SvarSlett
  2. Eg trur eg har lese dei fleste av Ibsen sine skodespel, men kun bondeforteljingane av Bjørnson. Dei gjekk vel som følgjetongar i blada den gong. Ikkje akkurat stor litteratur. Ø var i Molde på Sigurd Slembe-"seminar" i august. Så det er vel satsingsområde!

    SvarSlett
  3. Meiner at Edvard Hoem skulle skrive ein Bjørnsonbiografi-eller har han alt gjort det?

    SvarSlett
  4. Hoem jobbar med saka, ja. No les eg "Fiskerjenten" saman med elevar - ei av årets nysatsingar for min del. Har kjøpt filmen og skal jobbe med adaptasjon når eg kjem att frå Polen.

    SvarSlett
  5. Eg såg filmen på TV for ikkje så lenge sidan. Ganske sjarmerande i sin sjanger, tykte eg.Slutten var ikkje akkurat som eg venta, eg hadde ikkje lese boka.
    Bjørnson var ein forfattar av si tid, mens Ibsen og andre "store" varer lenger.

    SvarSlett