lørdag 8. november 2008

Piker, vin og sang (iallfall damer og vin)


Om lag ein gong i månaden samlast ein meir eller mindre fast damegjeng i bygda for å drikke vin, lære meir om vin, ete god mat og skvaldre. Vi har hatt denne "klubben" sidan hausten 2000, og vi har vore gjennom mange tema i denne tida. Ei stund vitsa vi med å kalle klubben for "Clearblue", for vi har hatt minst ti svangerskap på samvitet. Konseptet består av at vertinna lagar mat, pyntar hus og jagar vekk mann og barn i tillegg til å kjøpe inn vin etter lik druetype, same land eller andre kriterium. Vi er veldig seriøse ei lita stund, men det blir mykje skvaldring, ja. I går var vi ti til bords, men rekorden er 18, trur eg. Vertinna serverte vin frå Piemonte, av tre ulike druetypar, og dei smakte fortreffeleg alle tre.

1 kommentar:

  1. Synest det går mykje i piker vin og sang der inne på bondebygda!? Ja, det skulle vore for nokre tiår sidan! Kjekt at de har så godt samhald der inne og at de koser dokke i lag! God helg!

    SvarSlett