søndag 23. november 2008
"Kviledag"?
I dag var det den årlege haustframsyninga for ballettskulens jazz, contemporary og hiphopdansarar. Våre tre eldste deltek i fire parti innan desse sjangrane, så i dag møtte besteforeldre, Veslebror og Gamla mannsterke opp for å nyte synet av våre og andre sine håpe- og talentfulle ungdomar. Første del av showet var "Evolution", som contemporarydansarane sette opp på vårshowet også. Det er ei vakker og poetisk framsyning, og Eldstejenta er veldig glad i denne dansesjangeren. Andre del av showet var "Vampyrens ball", der både musikk og innhald var morosamt og litt skummelt. Eldstejenta skulle vere litt "rampete" kledd, og hadde vore i mora sitt klesskap der det finst nokre bomkjøp av typen "altfor høge hælar" og "altfor djupe utringingar". Kjekt at bomkjøpa kan brukast til eitkvart! Alle tre dansarane gjorde ein flott innsats på generalprøve og to framsyningar. Etter siste framsyning (og åtte timar på Kulturhuset) kjørte vi til Besta og Besten, der vi fekk middag. Dei hadde teke seg av Minstemann før og etter dei var på ballettshow, og han kunne nøgd konstatere at det var urettferdig for dei tre hine at han fekk vere hos besteforeldra. Elles sov han seg gjennom "Evolution" for andre gong - denne gongen somna han før lyset vart sløkt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja, det var atter ein gong ei fin framsyning. All ære til danserar, koreografar, lyd -og lysfolk.
SvarSlettÅ passe minsten er ikkje akkurat hardt arbeid. Berre han får vere på data i fred og ro, er han lykkelig.Av og til må vi hjelpe han å finne fram, men det er ikkje ofte. Er det noko som skal skrivast, stavar han orda!