Bok nummer 41 er ein av dei biografiane vi kjøpte på Polenturen tidlegare i haust. Det er ei lita, lettlesa bok, men igjen må eg seie at Schølberg har ein merkeleg springande skrivestil. Det er vanskeleg å sjå kva som er tema for boka, for her er både storpolitikk og historie blanda inn i den personlege lagnaden til Blanche Major og familien hennar.
Den vesle historia i den store- veldig populært for tida. Det kan vere veldig interessant å lese slike forteljingar, men det som er viktig, meiner eg, er at ikkje historia om enkeltmenneska druknar i historiske fakta. No har ikkje eg lese denne boka, så eg veit ikkje om det er det som har skjedd her.
SvarSlett