Seinare laurdag skulle eg på fest i Volda for å feire nok ein super kollega - denne gongen ein førtiåring. Eg hadde med meg kamera i veska, men gløymde visst heilt å ta bilete under festen, som må seiast å vere svært vellukka med mange kjekke folk og god prat. Det vedlagde biletet tok dei av meg ved avreise heimanfrå, og som de ser måtte krøllane vekk denne gongen òg.
Fin kjole og styling elles og!
SvarSlettTakk for den, men det var ingen kjole - berre bluse (kjøpt i Polen). Veret tillet ikkje kjole! Relativt uformell fest denne gongen, og veldig kjekt.
SvarSlett