lørdag 1. november 2008

Halloween og hallo-vin







Så var det overstått for denne gong; tradisjonell fest for dei minste og disco for dei eldste. I alt var det litt over 70 born innom dørene fram til klokka 23.00. Kva heksekomitéen gjorde etterpå, kan forbli ein løyndom...

7 kommentarer:

  1. Det vart vel ein ekte hekse-sabbat? Bilda minte meg om den gongen eg kledde meg ut som heks og kom inn i klasserommet. Elevane kjende meg ikkje att!
    Det var ikkje mange eg kjende att på desse bilda, men minstemann kjende eg.
    Håper det står bra til med alle i dag.

    SvarSlett
  2. De er flinke å feste! Det skal bra festkondis til! Eg synest det er lurt å samle ungane til ein felles fest i staden for å sende dei rundt og tigge snop!

    SvarSlett
  3. Ja, det er vel det som er utgangspunktet, for tigging av snop er ingen god tradisjon i mine auger. Julebukk er unntaket, men det er uansett ein gammal, norsk tradisjon. Russen har skikkeleg Halloweenfest i Volda, og etter det eg ser på facebook har den tradisjonen også spreidd seg til Ulstein vgs.

    SvarSlett
  4. Snakka med ei dame på Amfi i går. Ho og eg var samde om at det er dumt at amerikanske skikkar som t.d. Halloween fortrenger gamle norske julebukkskikkar. Men det er vel meir å tene for forretningsstanden når ein kjøper både godteri og kostymer.NB: HO var ikkje gammal.

    SvarSlett
  5. Eg var overraska over at dei minste her hadde mødrene med og begynte i 5-tida. Ingen her hadde lyst til å opne. Russen hadde slått av ringeklokka, før han sjølv kledde seg ut og for til byen.
    Olaug overnatta med ei venninne.
    Men eg innser at Halloween har kome for å bli.
    Eg meiner at alt folk finn på sjølve er positivt, men eg føler det er butikkane som kan tenke seg litt meir sal før jul i tillegg til farsdag. Til morsdag har dei plussa på Valentin. løp og kjøp.
    Festbrems....

    SvarSlett
  6. Kanskje det neste vi kan arrangere er Valentinsfest?

    SvarSlett
  7. Det er vel ein fest for to og to?
    Elles går eg inn for å gje kvarandre oppmerksomheit året rundt. Forretningsstanden har oppnådd det dei vil når folk spør "Kva du fekk til Valentin?" Men lg hjertefest!!!!

    SvarSlett