onsdag 5. november 2008

Valvake for Obama


I retorikkundervisninga på VG3 har eg kanskje teke heilt av når det gjeld å analysere talane til Obama, men eg trur elevane har vore noko gira òg. Vi lever i ei historisk tid når det gjeld kven som skal ha verdas viktigaste jobb, og no står det att å sjå om denne mannen er meir enn ein fantastisk talar. Uansett kan det ikkje bli verre enn George W, kan det?

3 kommentarer:

  1. Betre? Du meiner vel verre?
    Såg framsida på ei avis på butikken: "Vi overlevde tidenes verste president"-eller noko i den dur. Dei sikta sjølvsagt til GW Bush.
    Men stakkars Obama, seier er, som skal rette opp alt som er gale + at han fekk finanskrisa på toppen.Vi får ønske han lykke til. Har du E-postadressa hans?

    SvarSlett
  2. klart eg meinte verre - feilen er no retta. Sånn går det når ein søv for lite...

    SvarSlett
  3. Eg har to lange dagar på jobb, i dag til nærare halv sju, og legg derfor ikkje opp til rangling. Vi satsa på å vakne til resultatet. Ø sitt mareritt var å vakne opp med Sarah Palin.

    SvarSlett