tirsdag 4. november 2008

Bok 39: "Commandant of Auschwitz. Rudolf Hoess"


For tida har eg ein del bøker på gang samtidig, og denne boka har eg halde på med ei stund. Den var dessutan utgangspunktet for innlegget mitt på Polenkvelden sist torsdag, så eg har lese den med det for auget å skulle formidle vidare noko av innhaldet. Rudolf Höss vart nemnd då vi var i Auschwitz 1, då guiden peika på huset der han budde og fortalde at Höss og familien hadde det så godt der at kona sa ho aldri ville forlate Auschwitz. Denne vesle forteljinga gjorde meg nysgjerrig på korleis slike menneske tenkjer, derfor bestilte eg sjølvbiografien hans då eg kom heim. Det som slo meg under lesinga, er at han framstår som ein vanleg mann som gjennom sin fascinasjon av militærlivet vart dregen inn i arbeidsoppgåver som han til slutt ikkje reflekterte over. Kom det fem toglaster med jødar i staden for tre, sette han æra inn på å få avvikla så mange som 9000 på eitt døgn. Han angra ikkje på mykje, fordi han meinte han utførte ordrar, men han angra på at han ikkje hadde teke livet av familien og seg sjølv for å skåne dei alle mot reaksjonane frå omverda. Ikkje lystig lesestoff, akkurat, men nyttig lærdom om korleis eit menneske kan ende opp med å gjere grusomme handlingar fordi dei etiske grensene er blitt flytta gradvis.

1 kommentar:

  1. Innlegget ditt om Heiss på Polenkvelden var tankevekkande og godt.Ein kveld eg sat og såg TV-det handla sjølvsagt om valkampen i USA-kom Arnold Schwartzenegger på skjermen. Han begynte å skikanere Obama fordi han hadde tynne bein og pinglete armar.(Altså var han ein "letttvekter"). Folk stod rundt og klappa og lo! Då tenkte eg av ein eller annan grunn på hitler. Massesuggesjon er farlig.Det er lett å bli riven med av stemningar og god retorikk!
    Eg går for Obama!!!!

    SvarSlett