lørdag 22. november 2008
Let it snow
Etter den stormfulle gårsdagen var det fantastisk å vakne opp til ein nydeleg vinterdag. Gubben er på veg til Hamar med Bianca, og eg tippar han får ein vakker, men langdryg tur. Morgondagen skal han tilbringe i Vikingskipet, medan vi hine skal på ballettshow frå tidleg morgon til ut på kvelden. Personleg er eg glad i snø, berre den ikkje ligg der eg skal køyre. Ungane kosar seg med akebakke på oppsida av vegen og nesten uavgrensa plass til å boltre seg på. Dessverre har hundane prioritet denne helga, så eg sit att med det gamle kameraet.
Nokre blogglesarar vil kanskje legge merke til at Minstemann går kledd i ein rosa vinterdress. Han har bursdag på måndag, og då blir det andre fargar som gjeld, takka vere økonomiske transaksjonar frå Ørsta.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Apropos rosa. Eg hugsar då eldstemann her var 5. Han ville ha rosa regndress slik som venninna. Det hadde han fått hadde det ikkje vore for at han hadde ein liten bror. Butikkeigaren gav han ein rosa vaskeklut som trøst.
SvarSlettHan hadde rosa striper på mange klesplagg på 80-talet.
Eg nektar å kjøpe "gutefargar" til Nummer 3 fordi om ho har ein yngre bror! Tvert imot får ho stort sett "jentete" ting fordi dei er to jenter og åtte gutar i klassen.
SvarSlettMorfaren har hatt fleire rosa skjorter som han har likt godt. Men eg veit ikkje om han er så trygg på fargane?
SvarSlettDå ungane våre var små på 60 og 70 talet, var det unisex som var tingen. Ikkje mykje kjolar og blonder den gongen, gutar og jentar skulle vere mest mulig like. No har pendelen svinga til den motsette ytterlegheita.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettFine vinterbilder sjølv om det ikkje er det nye kameraet du har brukt. Når ein bur på "landet" er det vel ikkje så nøyje med kva fargar ein brukar ute i snøen, men på skule og i barnehage blir det vel lagt merke til. Hugsar godt då Stein Inge fekk seg raud varmfora bevernylon leikedress som 1 åring, kjøpt hjå Walli Mode av mor. Jentene våre hadde ikkje slik luksus, lite slike plagg å få i butikkane. Vi strikka ullbukser og hadde regnbukser utanpå - ikkje sant Ørstabesta?
SvarSlettEidabesta
Det spørs no når det vert krisetider att. Når eg ser at skiprodusentar lagar guteski og jenteski, tenker eg mitt. Dei veit kva dei gjer. Gutekleda her i huset gir vi frå oss. Vi satsar heller på sal. Kle er blitt mykje billegare med åra relativt sett. Noko anna er at både sko og utstyr er blitt mykje dårlegare. Cherroxar varer berre ein sesong t.d.
SvarSlettEg må seie at det er utruleg kor gode barneklede ein kan få kjøpt no, og for ein rimelig penge. Kjøper ein på sal, kostar det nesten ingen ting.Då Eidabesta og eg hadde småborn, måtte ein prøve å sy og strikke littsjølv om ein var aldri så klønete.Dei såkalla parkdressane er varme og gode og i tillegg vasstette. Eg tenkjer kor vi ofte fraus når vi var ute - i min barndom.
SvarSlett