onsdag 29. juli 2009

Berre blåbær






Vêret skal eg ikkje nemne eingong, men noko må ein no finne på. Blåbærplukking, til dømes. Med fire born og fire blåbærplukkarar burde det gå raskt å raske ihop nokre liter, men berre i teorien. Minstemann brukte blåbærplukkaren sin til gitar (medan mora måtte synge svisker frå "Skrimmel skrammel"), Nummer 2 plukka bær med plukkaren og tømde dei i munnen, og etter fargen å dømme var det ikkje mykje effektiv plukking på Nummer 3 heller.

Det var folksomt i skogen, for nokon har blåse liv i dei usynlege venene til gutane - nokre lesarar vil hugse Viggo og "kona mi, han Per". No har i tillegg Nummer 3 fått to hemmelege venninner som heiter Gunnhild og Malena, og Minstemann har den nye venen Peder. Morosamt er det òg at 12-åringen no har ein fantasivenn som heiter Johannes, og han heldt eg på å kjøpe kinobillett til sist tysdag!

Det blir mykje latter, sang og moro på slike turar - bær vert det mindre av. Men bær finst faktisk å få kjøpt dersom det blir for lite.

3 kommentarer:

  1. De kjem til å ha antioksidantar nok innabords til å motstå den mest hardnakka svinepest.

    SvarSlett
  2. Det viktigaste er no å ete medan ein plukkar.. Vi driv og et opp rørte blåbær frå i fjor eller forfjor.. Det er kjempegodt på vaflar og pannekaker.

    SvarSlett
  3. Gamla har ein lei tendens til å lage reglar for det meste - både for seg sjølv og andre. Dagens regel: plukk med blåbærplukkar med høgre handa og plukk i munnen med venstre handa. Handhevinga av regelen var relativt sløv, og der fanst inga straff for regelbrot.

    SvarSlett