lørdag 18. juli 2009

Blant blåbær og klegg



I dag vart det berre ein snartur i Brundalen for dei to yngste, Bau og meg. Gubben heldt på med sitt ferieprosjekt, og i løpet av dagen kom resten av selet under torva. Naboen held på med eit spennande byggeprosjekt på uteplassen sin, og vi var bortom og inspiserte. Grillrommet er blitt kjempefint, og utepeisen kan bli bra den òg, sjølv om murarmeisteren sjølv er noko i tvil...

Ungane og eg var på stranda, i kjend stil. Ferie for meg er å sitje i ein strandstol, helst med lydbok på øyrene, og ikkje ha anna å gjere enn å vifte vekk innpåslitne kleggar. Og så fann vi blåbær langs vegen, så då vart sommarkjensla nesten perfekt. Sola var nemleg berre delvis til stades - kanskje ho er bortreist i ferien?

2 kommentarer:

  1. Det er herlig med sommar og behagelige temperaturar, men dessverre påstår yr.no at vi skal få regn heile neste veke. Får håpe han tek feil.Men sidan bror din kjem på mandag, dei er på Hunderfossen no,må de no ta turen hit ein dag.

    SvarSlett
  2. Klart vi kjem på besøk! Gubben skal jobbe og Eldstejenta er på Dana, men vi hine er relativt frie!

    SvarSlett