torsdag 23. juli 2009

Bok 45 2009: "Liljer fra Jerusalem" av Gert Nygårdshaug


Tidlegare har eg lese "Mengele zoo" av same forfattar, og den var eg delvis begeistra for, heilt til den tok heilt av mot slutten. Eg hadde derfor sånn passe lunka forventningar til denne romanen, og eg må har klare berre få seie at dette er noko av det elendigaste eg har lese. Krim er ein krevjande sjanger å skrive, for sjangerkrava er temmeleg urokkelege. I denne boka er det slutten som er heilt ute på viddene. Personar skiftar personlegdom totalt, og ein får svært mykje informasjon etter at gåta er løyst. Eg les på nettet at dette er den åttande romanen i serien om Skarphedin Olsen, og eg registrerer kjapt at eg kan spare mykje tid på ikkje å lese dei sju første.

1 kommentar:

  1. Eg las denne for ganske lenge sidan, i alle fall så lenge at eg hugsar lite og ingen ting.Men det er ikkje SÅ lenge sidan eg las ei anna bok om den gode Skarphedin.Den kan ikkje ha gjort særlig inntrykk den heller, for den er nesten borte frå "harddisken". For å sitere vår pensjonerte biblioteksjef:"Livet er for kort til å lese dårlege bøker".

    SvarSlett