lørdag 25. juli 2009

Eldstejenta ute av Danacup - og på heimveg


Torsdag i førre veke sette vi frå oss Eldstejenta hos venninna i Volda, og fredag reiste dei vidare mot Danmark og Danacup. I går kveld ringde ho og sa dei var slått ut, og at ho derfor skulle reise heimover med ein gjeng frå Gursken i dag. Vi ventar henne heim i løpet av natta eller i gryotta i morgon. På biletet, som eg henta frå heimesida til VTI, ser vi henne og bestevenninna heilt til venstre i biletet. Den store gleda har noko med ein siger i straffesparkkonkurranse å gjere.

Resultatet til slutt vart, som det står på heimesida, bronseplass i B-sluttspelet. Det seier ikkje meg noko særleg, men det er visst dårlegare enn i fjor, då dei var i A-sluttspelet.

Uansett skal det bli godt å få heim Eldstejenta - det er stille i huset når ho er borte, og det kan bli litt keisamt i lengda.

2 kommentarer:

  1. No får vi berre håpe at eldstejenta kjem heim frisk og rask, og utan for mange basillar i bagasjen.

    SvarSlett
  2. Ja, ho er visst litt forkjøla, men vi er ikkje hysteriske...

    SvarSlett