fredag 24. juli 2009

Familietreff på Hareid






Eldstejenta og eit par onklar mangla i dag - elles var ni søskenbarn samla, men berre sju av dei vart foreviga. Journalisten og jusstudenten kom etter at blogg-tanta var ferdig med å gå knipserunden sin, og dei vaksne fekk vere i fred denne gongen.

På heimveg kom eg på at dette truleg vart den årlege markeringa av at ferien, og dermed sommaren, går mot slutten. La oss håpe på nokre fine dagar no på tampen!

1 kommentar:

  1. Vi sa det same, men det kan no bli ein Oslo/Kongsbergtur på nokre av oss. Jusstudenten skal inkvarterast i hovudstaden.

    SvarSlett