lørdag 18. juli 2009

Feriegjester


Familien til Elvis og Billy er på ferie, så no har vi starta hamsterpensjonat. Gamla er røynd hamsterrøktar (nokon som hugsar Bertil?), og ungane synest det er spennande med fleire dyr i hus.

6 kommentarer:

  1. Kven hugsar ikkje Bertil! Og dei japanske dvergmysene!

    SvarSlett
  2. Hahaha, dei som du fraus ut...

    SvarSlett
  3. Bertil var søt,men var mest aktiv om natta,mysene lukta pest, og det var ei lette då dei fraus i hel.Og så hadde vi ei rotte her ein gong , på ferieavlasting. Mus og rotter er ålreite dyr, hadde det ikkje vore for halane.

    SvarSlett
  4. Rotta hadde eg fått, men eg gav den fort vidare. Den halen blei eg aldri van med. Som vaksen er eg litt redd rotter, og er redd det kan dukke opp ville rotter på garden. Mus gjer meg ingenting så lenge dei ikkje er i kjøkkenskapet.

    SvarSlett
  5. Rotta fekk eg sympati for! Eg kom over henne ein gong katten sat oppå buret. Ho såg meg rett i augene! Stakkars dyr!
    Vi hadde ei rotte på skulekjøkenet på Hjørungavåg i gamle dagar. Det er ei lang historie. Men vi fekk jaga ho ut til slutt.

    SvarSlett