torsdag 16. juli 2009

Kakemonster - eller matvrak?




I dag har eg slått alle rekordar når det gjeld kakeeting, trur eg. Og anna eting, for den saks skuld. Sidan eg stod tidleg opp, fekk eg tid til å ete frokost to gongar før eg reiste til Ørsta. Der gjekk eg på café og åt to kakestykke (mannen bak disken såg litt rart på meg) og drakk ein dobbel mocca. Seinare fekk eg i meg både middag, frukt og nøtter, før fotballjentene laga brownies som vi åt ved midnatt. No sit eg her og er passe kvalm (eg skulle ikkje ha ete dei siste fem browniesstykka, eller i alle fall droppa isen attåt).

Minstemann er forresten svært begeistra for venninna til Eldstejenta. Ho tillet meg å legge ut bilete av dei, men ber meg skrive at ho er usminka. Eldstejenta kommenterer frå sidelinja at eg kjem til å formulere det på ein særs lite kul måte. Noko eg sikkert nettopp har gjort.

3 kommentarer:

  1. Trur du har godt av ein kakedag eller to, for å seie det slik.Eg har hatt nokre magre dagar etter at vi kom heim, men bryt vel saman att i neste veke når bror din kjem. Sommaren er ei umulig slanketid, i tillegg til jul,påske,pinse, 17.mai,fødselsdagar etc.etc.
    Reknar med du hadde ein god grunn for ikkje å komme oppom.I dag skal eg til frisør. Endelig!

    SvarSlett
  2. De høyrest ut som de kosar dykk, og det er bra! Kjekt å gjere slikt som ein ikkje gjer når det er kvardag (ete kake ved midnatt t.d....)Her skal gutta boys til fjells i dag og flytte ein båt bort til selet vårt. Den er blitt frakta nesten fram med traktor. Eg vaskar kle og div etter turen, men håpar på ein fjelltur seinare på kveld...

    SvarSlett
  3. Ja, eg er IKKJE på slankekur - tvert imot - men ein kan no leve sunt av andre årsaker enn vekt. "Man blir hva man spiser", heiter det, og då bør ikkje valet vere sjokolademousse-kake altfor ofte...

    SvarSlett