fredag 17. juli 2009

Max Manus - betre seint, eller aldri?


Det er ofte slik, når det gjeld filmar som "alle" ser, at Gamla ikkje ser dei før dei kjem som DVD til 99 kroner i matvarebutikkane. No var turen komen til "Max Manus". Alt låg til rette for at dette skulle vere ein film for meg, men er eg imponert? NEI! Gjennom første helvta av filmen irriterte det meg at Max Manus var ein utkledd Aksel Henie - svært lite overtydande skodespel, noko som kom seg etter episoden på toget. Elles irriterte det meg at ein ikkje fekk så godt innsyn i korleis motstandsfolka planla aksjonane. Alt i alt likte eg filmen relativt dårleg, sjølv om eg i eigne auge er over middels interessert i historie.

3 kommentarer:

  1. Eg gjekk ikkje og såg filmen i lag med far din, for eg føler at eg har sett ein film eller to for mykje frå 2. verdskrigen.No slit eg litt med ein krimroman frå Tyskland 1934-første boka i den såkalla Berlin-Noirserien.

    SvarSlett
  2. Eg vart ikkje skuffa over filmen. Men så hadde eg heller ikkje så store forventningar. Norsk film vert ofte oppskrytt.

    SvarSlett
  3. Vi såg filmen i forrige veke på 42" heime i stova. Lånte dvd av SI. Støttar S. sin kommentar. Historia bak kan Besten frå før, fekk bl.a. Sønsteby-boka til jul og har sett mange filmar og dokumentarar tidlegare. Eg "heng" berre med når det gjeld krigshis. Er som kjent "fredsbarn".
    Eidabesta

    SvarSlett