søndag 19. juli 2009

Tåkeprat





Tidleg i sommar gjekk eg opp frå Geitvika og eit stykke oppover og innover til eg gav opp å finne det som vart dagens turmål: setra i Norddalen. Det var ikkje heilt enkelt å finne råsa innimellom alt ormegraset, men eg kom no fram til setra til slutt - trur eg. Skodda gjorde det vanskeleg å sjå klart, men eg kom i alle fall til eit vatn, og der var ei demning og nokre sel og hytter som indikerte at eg var på rett stad. På veg ned begynte det å pøsregne, så det vart skikkeleg sleipt å gå.

Mislukka dag? Langt ifrå! Det var ein minneverdig tur som eg gjerne går igjen - i klarvêr...

6 kommentarer:

  1. Har vore inne på bloggen til Bakkelars. Lurer på om det blir eit eingongsfenomen eller om han er blitt BLOGGAR?
    Fann ikkje ut i farten korleis eg skulle skrive kommentarar, derfor skriv eg her.Du kan seie til han at eg reagerte litt negativt på at han var glad i musikk og borna sine. Ingen andre?

    SvarSlett
  2. Synest du "Svigermor" manglar på lista? :) Han har kanskje blitt bloggar - vi får sjå om han blir like hekta som visse andre.

    SvarSlett
  3. Det er vel mange som kjem før svigermor?

    SvarSlett
  4. Øystein ville ha meg til å hjelpe å lage blogg til han før i veka..... Her kan det bli ny giv!

    SvarSlett
  5. Turen din såg spanande ut. Bileta var etter min smak mykje meir interessante enn dei hadde vore etter ein solskinstur :0)

    K

    SvarSlett
  6. I den hytta eg tok bilete av, var der nokre canadiarar som skulle overnatte saman med dei som eigde hytta. Eg håper dei vakna opp til litt mindre skodde, så dei fekk sjå fjella. Eg skal attende, om ikkje anna så for å oppleve kontrasten.

    SvarSlett