tirsdag 30. juni 2009

Ferieførebuing


I dag har Nummer 3 og eg vore på shopping, til tannlege og på biblioteket. Ein skikkeleg effektiv og koseleg dag, som vi avslutta med cafébesøk på Føniks.

Av innkjøpa kan vi nemne at Nummer 3 no har brukt bursdagspengane sine (og mine) på eit flunkande nytt videokamera. Ho har nemleg planar om å lage sin eigen videoblogg - inspirert av storesystera. Storebroren syntest at ho burde kjøpe trommesett for pengane, og det er ikkje sikkert det ville ha blitt meir bråk av det, for å seie det slik...

Gamla føler seg no rimeleg trygg på at vi har i hus basisvarer som solkrem og reisesjuketablettar, badeklede og crocs. Og så har vi rana biblioteket for humoristiske barnelydbøker, som er eit "must" på lange bilturar. I tillegg lånte Nummer 3 eit par papirbøker, og Gamla forsynte seg grovt med både lyd- og papirbøker som truleg blir presenterte på bloggen ved eit seinare høve. Truleg ikkje som videoblogg...

4 kommentarer:

  1. Ja men då skulle vel alt vere klart...ha ein fin ferie!

    SvarSlett
  2. Hm, eg har også lånt meg nokre bøker som eg kan rippe på turen. Øystein skal ha med ny datamaskin, så her ligg det til rette for "deling".
    Vi reiser fredag. Her har dei kjøpt seg DVD til bilen. Ikkje akkurat etter min smak, men....

    SvarSlett
  3. No er vi online igjen etter eit heilt døgn utan data. Det er uvisst kor lenge det varer, maskina er ikkje heilt i form. I morgon ventar eg KM og mannen til lunsj. Dei skal vidare til Vestnes -der bur systra til KM.Er litt snurt over at de ikkje kom oppom når de likevel var i Ørsta! Sjåast kanskje i Ørebro?

    SvarSlett
  4. Eg har lese dei 4 øvste i bunken med vaksenbøker.Mustafa Can si bok blei kåra til fjorårets beste av systra di.Eg likte den også veldig godt. Margaret Skjelbred er det mange som likar.

    SvarSlett