tirsdag 3. november 2009

Bok 63 2009: "Tonje Glimmerdal" av Maria Parr


Det må vere lov å telje med ei barnebok, når denne har om lag 300 sider? Maria Parr er blitt omtala som den nye Astrid Lindgren - sikkert mykje fordi Tonje minner om Pippi; ei sterk, tøff jente som får ting til å skje rundt seg. Språket i boka er både utypisk og lett gjenkjenneleg frå dialektane her omkring. Når Tonje kallar bestevennen sin ein "gnaur", til dømes. Handlinga er på same tid realistisk og sukkersøt - ja, denne boka har så mange fasettar at den gir både store og små leseglede. Dette blir garantert ein ny klassikar!

3 kommentarer:

  1. Høyrest veldig artig ut.Synd at eg ikkje har nokon å lese den til -eller kanskje eg har? Held forresten på med ei veldig artig bok sjølv.......

    SvarSlett
  2. Olaug har boka. Vi får be om bokmelding derifrå. Besta kan legge i høgremargen det ho les....

    SvarSlett
  3. Besta: les den til deg sjølv! Gode barnebøker skal vere spennande for vaksne òg. Det hadde vore spennande å sjå kva Olaug synest; ungane her i huset likte den godt, men dei to yngste ser fram til neste leseprosjekt (Knerten).

    SvarSlett