søndag 8. november 2009

Bok 65 2009: "En langvarig forlovelse" av Sébastien Japrisot


Omtalen av denne romanen freista meg til å høyre den, men det kunne eg ha spart meg. Tittelen kunne like godt ha vore "Ein langdryg roman". Utgangspunktet for handlinga er at fem soldatar er blitt dødsdømde fordi dei har skadd seg med vilje for å sleppe vekk frå første verdskrig. Mathilde er trulova med ein av dei, og ho nektar å tru at han er død. Vidare handlar boka om korleis ho prøver å finne ut kva som skjedde med han. Det blir svært mange brev frå vitne, og alt dei fortel er ikkje like interessant.

Romanen vart filmatisert i 2004, og det kan hende eg ser filmen viss eg får høve til det, sjølv om den vert kritisert for å vere omstendeleg den òg.

5 kommentarer:

  1. DEt einaste eg hugsar frå denne romanen var at den var LANGDRYG men eg veit at eg kom gjennom den på eit vis.

    SvarSlett
  2. Eg må gratulere deg med å ha kome deg gjennom denne romanen. Eg gav opp etter to CD-ar! Og eg legg frå meg under 1% av bøker eg begynner på!

    SvarSlett
  3. Eg ser at eg har filmen i hylla her. Kritikaren frå Wall Street Journal er sitert på baksida av coveret: "Henrivende vakker, overraskende dristig og ofte veldig morsom (...) Den vil få deg til å føle sterkt, om krig og kjærlighet". Ein kan sjølvsagt undre seg om ikkje amerikanarar har andre kriterier for å verte "henrivne" enn staute sunnmøringar, og sjølv har eg ikkje sett den. Til låns om du orkar ;0)

    Kristin M.

    SvarSlett
  4. Kanskje det, ja! Elles skal eg pakke ned Tonje G til deg - sikkert mykje betre...

    SvarSlett
  5. Hei og takk for hyggelig hilsen hos meg. Hihi. Tror ikke jeg kommer til å lese den boka da nei.

    Ønsker deg en fin uke!
    klem C ♥

    SvarSlett