mandag 30. november 2009

Brick Lane på film

Då eg las boka i si tid, vart eg såpass interessert og engasjert at eg tok med Eldstejenta til Banglatown då vi var i London i februar. Vi enda opp med å ete eit nydeleg måltid midt i Brick Lane.

I dag har eg sett ferdig filmen som er basert på romanen av Monica Ali, og den var veldig fin den òg. Eg fekk faktisk lyst til å lese romanen ein gong til. Det å kome til Vest Europa som innvandrar frå ein annan verdsdel medfører store omveltningar både for kvinner og menn, og i neste omgang for borna deira, som endar opp i ei mellomstilling. Tallause filmar og bøker tek opp emnet, men både boka og filmen "Brick Lane" gjer det spesielt godt.

5 kommentarer:

  1. Eg har lese boka, og kan godt tenkje meg å sjå filmen.Dei har slutta å ta depositum for filmane på biblio,så no er det meir lettvint å låne for slike folk som aldri har kontantar med seg.I dag tok eg med meg "Engler og demoner" som eg skal sjå ein gong når det ikkje er noko på TV.

    SvarSlett
  2. Du kan låne filmen min, men den er kjøpt i England utan anna enn engelsk teksting.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. På biblioteket på Hareid kan ein låne film og ha den ei veke.

    SvarSlett
  5. Eg må nok ha norsk teksting(sjølv på norske filmar)-så eg får sjå etter den her nede.På biblio her er det 1 veke lånetid på filmar.

    SvarSlett