tirsdag 10. november 2009

Ein heilt vanleg tysdag på "jobb"

Eg underviser ei gruppe i faget "internasjonal engelsk", som er eit 5-timars programfag på det som tidlegare vart kalla språklinja. Dei siste vekene har vi lese "The Kite Runner", høyrt lydboka og arbeidd med oppgåver i tekstboka. Mykje godt arbeid er lagt ned, og i går og i dag har vi sett filmen. Det er ei stund sidan eg las boka og såg filmen for første gong, men dei fleste scenene sit som spikra. Å sjå filmen saman med elevane gav dessutan ein ny dimensjon til det heile. Kvifor tek ein vekk viktige opplysningar frå boka, til dømes? (Eit anna spørsmål er: kvifor utelet forfattaren store delar av romanen i lydbokversjonen?)

Klassen 2MK1 er ein andreklasse i studieretninga "medium og kommunikasjon", og eg underviser dei i norsk og engelsk. I dag hadde dei to siste gruppene framføring om ein tv-serie, og deretter såg vi ferdig "Signs". Det er ein film om romvesen og kornsirklar, men den handlar òg om å miste trua og at alt som skjer har ei meining. I og med at filmen kom ut i USA i 2002, er det nærliggande å drage parallellar til 9/11. Neste gong skal vi jobbe med oppgåver som eg har laga med utgangspunkt i denne parallellen, basert på ein del av det vi gjekk gjennom på eit engelskkurs i vår.

Eg har verdas beste jobb.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese Drageløperen i lydbokutgåve, og føler meg litt snytt når du fortel at ikkje alt er med. Filmen har eg også sett.
    Det er vel slik at ein må kutte ein del frå bok til film, elles ville filmen bli for lang.
    Både boka og filmen gjorde inntrykk!!!

    SvarSlett
  2. Nei, den norske utgåva har sikkert med alt. Av ein eller annan grunn driv dei og kuttar ned på tekst når dei lagar lydbøker i USA og Storbritannia. Har vore ute for det før, og det er skikkeleg irriterande. Det var forresten forfattaren sjølv som las.

    SvarSlett