tirsdag 24. november 2009

Feiring av Minstemann




I går ringde dei frå skulen og sa at Minstemann var sjuk. Det er fjerde slike telefonmeldinga frå skulen i haust, og som regel har ungane "berre" vore trøytte. Vi var litt redde for at han skulle gå glipp av si eiga bursdagsfeiring, han som gjekk glipp av 17. mai òg, men i dag var han på beina att og fekk vere med på pizzarestaurant i Ørsta: "Det lille Napoli". Vi kjøpte sortane "Ørsta spesial" og "Vartdal", og det var klart "Ørsta spesial" som var best. Ungane er ville etter bernaisesaus, som er like godt på pizza som på ris.

I presang fekk guten ein pakke med Indiana Jones-lego, til stor glede for søskena. Gamla, derimot, eig ikkje motorikk eller tolmod nok til å verte nokon stor legobyggar.

2 kommentarer:

  1. Det lille Napoli er ein koselig restaurant,og dei har god pizza. Vi er der stort sett berre når vi har barnebarn med oss,sjelden vi går på restaurant/kafé på heimplassen.
    Gutane på Kongsberg var sjuke, men V. var begynt å sparke fotball inne, så han var nok "på bedringens vei"-han målte feberen sjølv (digitalt) og påstod den var 3-8.Rasmus hadde skaffa seg Tamiflu, han følte seg ikkje heilt bra sjølv.Godt at E. fekk vere frisk på dagen!

    SvarSlett
  2. God pizza, god service og rask servering. Men Ørsta var betre enn Vartdal, berre for å ha sagt det igjen.

    SvarSlett