tirsdag 10. november 2009

Hamburger og Svineri

I går vart eg vaksinert. Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å gjere det, men så vart vi sterkt oppmoda av sjefane, og då slo eg til. Eg er såpass overtruisk at eg innbiller meg at eg ville ha fått sykja dersom eg nekta å vaksinere meg. Utover kvelden vart eg frykteleg trøytt, slapp, svimmel og fekk hovudverk, og til slutt sat eg i godstolen og sov. Då eg vakna i dag, var eg frisk att, og sjølve sprøytestikket kjennest som ein blåkul.

Eldstejenta var frisk då eg traff henne på "Tren" om ettermiddagen i går, men utover kvelden vart ho brått sjuk og vart henta heim. I dag har ho vore heime frå skulen, og ho er skikkeleg slapp og elendig. Ho har fått Tamiflu, og vi håpar på rask betring.

Dei to mellomste og eg var på "tysdagsdate" på Amfi i Ørsta i dag, der vi prøvde ut den nye caféen. Nummer 3 hadde sagt tidlegare på dagen at det er synd vi ikkje har McDonald's her, men etter maten i dag erklærte ho at det var den beste burgeren ho nokon gong hadde smakt. Gamla hadde gløymt kamera, så de får berre sjå føre dykk hamburgarar, pommes frites og to glade barn (som åt opp alt, bortsett frå paprikaen).

Javisst er vi råflotte, men vi drikk vatn, og sparar mykje på det! Eg må dessutan seie, til vårt forsvar, at dei to borna reiser direkte på korpsøving når vi kjem att frå balletten. Det er derfor viktig at dei får i seg litt "sikringskost".

9 kommentarer:

  1. God betring til eldstejenta! Det er visst viktig å begynne tidleg med medisin. Eg har ikkje meldt meg på gratis vaksine frå arbeidsgjevar. No har ikkje nokon fått den heller hittil utanom risikogruppene.

    SvarSlett
  2. Eigentleg syntest eg det var litt frekt å pålegge oss eigenandel - ikkje fordi det var mykje med 50 kroner, men som prinsipp.

    SvarSlett
  3. Besten her hadde også ein liknande reaksjon på sv.infl.vaksina, så han vart litt berolega av å lese bloggen din. Han har forresten tatt begge infl.vaksinene, eg har p.t. tatt berre den vanlege. Elles er det no koseleg å lese om fjellturane dykkar.
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Kommentaren min kom to gonger av ein eller annan grunn, og så sletta eg begge......Ikkje så viktig. Berre:Ver glade for at de får vaksine, det gjer ikkje vi.

    SvarSlett
  5. No har eg ganske stor omgangskrets på jobb, og elevane ligg strødde rundt med sykje. Dei friske sit tett ilag og blir sikkert fort smitta. Ein kollega kom med forslag om at alle burar seg inne og held seg isolert frå omverda i ei veke, slik at sykja forsvinn...

    SvarSlett
  6. Det er det eg har sagt at vi, som er priviligerte pensjonistar med fryserar og kjøleskap fulle av mat, kan gjere i ein krisesituasjon.Men det er vanskelig for heile samfunnet å ta fri!

    SvarSlett
  7. I dag vart det arrangert yrkesmesse for elevane - sikkert også smart som smittekjelde.

    SvarSlett
  8. Dei fleste vert friskare av ei sykje og betre rusta til neste.....
    Når det gjeld eigenandel er det vel like frekt å gje gratis vaksine for å spare sjukefråver?

    SvarSlett
  9. Vi skal ikkje få noko gratis. Siste utspel frå nettverket i norsk er kurs i Fræna med medbragt matpakke...

    SvarSlett