torsdag 26. november 2009

Jeppe på jobb

Holbergs drama kan vere spennande og morosame å jobbe med. Ein av favorittane mine er Bjarte Hjelmeland som Jeppe frå 2003, men den DVD'en var sporlaust forsvunnen då eg skulle bruke den førre veke, så eg måtte ty til den danske filmen "Jeppe på Bjerget, eller konge for en dag". I dag såg vi den ferdig, og eg må seie det er ein fin film, sjølv om dei komiske elementa hos Holberg er tona heilt ned. Og eigentleg er det ikkje så morosamt med alkoholisme, vald i ekteskapet og overklassens utnytting av bondestanden?

Buster Larsen er ein djupt tragisk Jeppe, eigentleg. Det minst komiske er likevel sluttscenen, der baronen, som har vore roleg og sindig gjennom heile komedien med Jeppe som baron, drikk seg full og er like patetisk og vulgær som Jeppe har vore tidlegare i filmen. Eg gjer merksam på at filmen er "basert på" Holbergs teaterstykke. Neste gong eg kjem til Holberg i pensum, skal eg først vise Bjarte Hjelmeland og deretter den danske filmen og gi elevane i oppgåve å samanlikne. Det kan bli spennande.

5 kommentarer:

  1. Eg har i periodar vore ganske "hekta på Jeppe"-det skodespelet er slett ikkje berre ein komedie.Er det svart humor, kanskje? Eller ikkje humor i det heile? Det er som Vinje(trur eg) seier- at ein må gråte med eine auget og le med det andre.Men scena der Jeppe vaknar i baronens seng er kostelig!

    SvarSlett
  2. Jauda, den er kosteleg - men òg djupt tragisk, eigentleg. Den beste humoren har ein tragisk undertone.

    SvarSlett
  3. Eg kunne tenkt meg å sett den norske, trur ikkje vi har den på skulen...

    SvarSlett
  4. Løp og kjøp! Bjarte Hjelmeland er fantastisk - eg kunne godt ha tenkt meg den Egypt-framsyninga av Peer Gynt med han i hovudrolla.

    SvarSlett
  5. Eg er sjeldan innpå butikkar som sel slikt, så eg er lite orientert.Men på biblio her kan ein låne mange filmar og andre program på DVD mot 50 kr i depositum, som ein får att når ein leverer filmen tilbake.

    SvarSlett