søndag 29. november 2009

Julegrantenning på Straumshamn


Vi er glade i tradisjonar, og ein av dei fine juletradisjonane her i bygda er julegrantenninga. Med tre korpsmusikantar i familien er frammøtet så godt som obligatorisk, og vi kjøper kaffi og kaker, har lynlotteri og høyrer korpset spele. Det er visst blitt ein tradisjon at eg gløymer minnebrikka til kameraet denne dagen, men eg hasta heim og fekk teke bilete etter at korpset hadde spelt ein julesong ute.

Nabo K fekk blomar for lang og tru teneste i korpsstyret. Ho er mor til dirigenten og ein av musikantane, og dessutan bestemor til tre andre korpsmedlemer. Få har vel gjort ein større rekrutteringsinnsats så langt!

3 kommentarer:

  1. Du har i alle fall betre fotoapparat enn eg! Vi vann ingenting i dag....
    Elles kjøpte vi kubbelys på Nille?!

    SvarSlett
  2. Klart vi har vore på Nille! Først vart eg kvalm av all pynten i butikken, og så fann eg både det eine og det andre som eg hadde bruk for...

    SvarSlett
  3. Trur eg skal brenne dei lysa vi har i år. Det går mest på telys uansett. Gløymde sjølvsagt adventlys idag....som vanlig

    SvarSlett