lørdag 28. november 2009

Klippe, sage, lime, banke...


Sjølv var eg til frisør i går, og så var planen at gutane skulle klippast i dag. Då Nummer 2 plutseleg hadde ei fotballturnering å reise på, vart det berre Minstemann som fekk ny sveis i dag. Nummer 3, Minstemann og eg tok oss ein skikkeleg shoppingrunde og handla inn diverse adventsstæsj - og no ser eg på diverse bloggar at det skulle vere handlefri dag i dag. Sorry - greidde det ikkje i år heller!

Minstemann er ikkje særleg begeistra for å gå til frisør, men han likar kaffimaskinen. I dag vart det eit hibbel utan like då han etter ein times tid kom på at han hadde forlate ein halv kopp kakao hos frisøren, og mora nekta å ta han med attende.

Elles har vi fått hengt opp adventsstjerne, ramma inn og hengt opp ei fin teikning som Nummer 3 har laga og tent nesten tusen julelys. Vi er klar for advent!

11 kommentarer:

  1. Der er fleire som treng frisør, for å seie det slik.Eg har venta for å komme så nær jula som mulig. Minstemann var i alle fall fin og velstelt.

    SvarSlett
  2. Handlefri dag? Det visste ikkje eg noko om...og ikkje dei 1000 andre som var på Amfi heller, såg det ut til.Men Kirkens nødhjelp heldt på å rigge seg opp mellom dei to sentera-dei skulle vel selje geiter og kyllingar?

    SvarSlett
  3. Dei kunne no selje handlenett, så hadde vi noko fint å legge varer i, som vi kunne bruke om att!

    SvarSlett
  4. Er det fleire enn eg som synest raude naser er ein litt tåpeleg idé?

    SvarSlett
  5. NEI ! Raude naser høyrer til i ei anna setting- så det er ein UALMINNELIG tåpelig idé. Og når fotballaget Rosenborg stiller som kor med raude naser og syng "Det lyser i stiller grender"-då kan det neppe bli VERRE.Rett nok er hensikta god- men det går ei grense!

    SvarSlett
  6. På Nille sel dei forresten adventsstakar med nissar på - det var også eit merkeleg påfunn, synest eg.

    SvarSlett
  7. DEt blir vel mykje kommers....På Nille ligg adventstakar som søppel i store kassar. Litt kjekt med dei som selde sjølvlaga ting på Amfi i går. Ekte smijern t.d.Og mange fine strikka ting+ innramma foto frå stader i Ørsta, for å nemne noko.

    SvarSlett
  8. Raud nase? Eg kjøpte ein refleks med raud nase etter ordre frå Olaug. Ho ville støtte nokon, Redd Barna?

    SvarSlett
  9. Ja, av ein eller annan grunn skal ein gå rundt med raud klovnenase i morgon for å vise sin sympati. Eg melder pass.

    SvarSlett
  10. Eg betaler årskontingent og kjøper lodd. Lurer på om dei som har tenkt ut klovnenasane har ein morbid form for humor. "Skal vi sjå om dei bit på den," liksom. Eg står over.

    SvarSlett
  11. Ja, då vil eg heller kjøpe ei geit, eit handlenett eller ei t-skjorte. Ein stad må grensa gå!

    SvarSlett