onsdag 4. november 2009

Kyrkjekonsert


Som god forelder må ein òg vere god publikummar. Og messinggruppa, der vi har rekruttert våre håpefulle, spelar som regel heilt til slutt. Det betyr at ein må høyre påklistra entusiastisk på ein del ikkje så frykteleg talentfulle elevar ved kulturskulen.

Småbrør treng ikkje vere fullt så entusiastiske, ser det ut til. Minstemann har vokse opp med finkultur som sovemedisin, og også denne gongen nytta han høvet til å somne på benken, med hovudet på mammas fang.

Nokre høgdepunkt finst det alltid; som Torfinn på gitar, Siri på fiolin og Håvard på euphonium. Elles må eg seie eg beundrar lærarane ved kulturskulen som dag etter dag, år etter år må høyre på nybyrjarar i til dømes fiolin. Vi foreldre slepp trass alt billeg unna.

5 kommentarer:

  1. Det er vel med musikklærarar som med andre lærarar, ein gler seg over framstega, same kor små dei er i andre sine auge. I alle fall er det veldig kjekt for ungar som vil, at dei får lære å spele eit instrument.No kom eg på nokre foreldre som meinte at eg kunne lære elevane notar utan at dei nødvendigvis måtte spele blokkfløyte.....

    SvarSlett
  2. Mine elevar lagar i det minste ikkje ulydar...

    SvarSlett
  3. Då er du heldig. DET gjorde mine, i alle fall den tid eg underviste i blokkfløytespel.

    SvarSlett
  4. Eg likte å spele blokkfløyte. Eg følte at då lærte vi noko. Og så var vi litt misunnelege pøå dei som var to år yngre som vart så flinke...

    SvarSlett
  5. Ja, det var litt læraravhengig den tida. Somme lærarar var svært entusiastiske, og elevane deira vart veldig flinke. Til å spele blokkfløyte, i alle fall.

    SvarSlett