lørdag 7. november 2009

Middagsbesøk i Ørsta







Når ein set ut eit rykte om at ein skal over fjorden, hender det rett som det er at ein håvar inn ein middagsinvitasjon. Så også i dag. Og sidan Minstemann snart har bursdag, tjuvstarta vi feiringa og let han pakke ut gåver frå besteforeldra. Og dette var gåver som fall i smak: ny bukse, skinnjakke, gevær og ny cowboyhatt! Det var ikkje grenser for kor kjekt det var, og ei stund var systera med på rolleleik som "ku på veg til slakteriet". På heimveg somna Minstemann i bilen, og då tok Nummer 2 over og sat mellom anna og "skaut" etter medpassasjerar og mannskap på ferja.

2 kommentarer:

  1. De får gje oss eit hint om det er noko han manglar!

    SvarSlett
  2. Det spørs kven du spør. Eg ville ha svara at han manglar klede (str 116), men eg tvilar på at han ville ha gjeve det same svaret sjølv.

    SvarSlett