Eitt av høgdepunkta i adventstida er festen på skulen der tre av borna går. Programmet går slag-i-slag med første/andre-klasse først og tiande klasse til slutt. Dei yngste kom inn i Luciatog, noko som skjer kvart år, og så song dei "dyrene i Afrika". Minstemann er ikkje så van med å stå på scenen enno, men det kjem sikkert med tida.
Nummer 3 går i fjerde klasse, og dei hadde eit flott programinnslag med song og dans saman med tredje klasse. Besta kjenner kanskje att gensaren.
Sjette og sjuande klasse spelte julesongar på gitar. Nummer 2 og ein kompis fekk spele melodistemma på el-gitar, medan dei andre hadde kompet. Etterpå hadde sjuande klasse ein dans - heile den klassa er medlemer av ballettskulen!
Tradisjonen er at ein et medbragt mat etter programmet, og så var det trekking av loddbok. Som Polentur-entusiast kjøper eg lodd og kjeks i vilden sky, og i dag vann Nummer 2 sju kilo torskefilet! I motsetnad til dei fleste andre i slekta har eg ein heilt tom frysar som eg no har begynt å samle mat i.
Det var no godt det var torskefilet og ikkje seifilet :-))
SvarSlettVisste ikkje at du var interessert i fiskefilet, men vil du ha sei, så har vi meir enn nok.
SvarSlettKjekt å sjå bilde frå festen, vi har no vore på nokre av desse festane....Genseren kjende eg att, og den passa fint for ein blånisse.
Er meir glad i torsk! Seien taper seg fortare, etter mitt syn.
SvarSlettSei er ein veldig anvendelig fisk, men bør ikkje ligge FOR lenge i frysaren.Eg synest seien er best fordi den har mest smak, men born likar som regel best torsk.
SvarSlettI dag fekk eg steikt sei til middag då eg kom heim frå jobb. Det smakte godt etter ein lang arbeidsdag!
SvarSlett