Då vi vakna i dag, låg det eit fint, kvitt lag nysnø ute og lyste opp verda. Ungane var snare ut for å leike seg ei stund før i tok oss ein tur til Volda og Ørsta, der vi hadde julegåveutveksling med Besta/Besten og fekk servert pannekaker med rikeleg bacon til (det var visst eg sjølv som hadde sett Besta på idéen i eit tidlegare innlegg om bacon).
Eg er ikkje så oppteken av om det er snø akkurat på julaftan, men det er kjekt med snø uansett - spesielt når ein har fri og slepp å stå opp i gryotta for å moke.
Det lyser opp med snø no på svartaste vinteren.Eg blei veldig glad i snø den tida vi hadde hund her i huset.Eg Nadja elska snøen! Du hugsar vel korleis ho låg ute på snøbarden og let seg snø nede?
SvarSlettJavisst! Fekk ei påminning om Nadja då vi såg gamle heimevideoar i ettermiddag.
SvarSlett- 19 på Kongsberg, inne og fyrer.
SvarSlettHer var det + 2 i 6-tida.
SvarSlettReinsleg og lyst med snø!
Flott bilde! God jul til alle dokke! Herleg samansett ord i dette innlegget...
SvarSlettTenkte på Lappetausa då eg skreiv det!
SvarSlettJa, tenkte eg det ikkje, og som vanleg gjekk eg fem på, er det ikkje det det heiter...
SvarSlett