Etter ein time i godstolen med lekselesing og rydding som biaktivitet, var det på tide å gå til kyrkja på konsert. Der var to korps, to kor og andakt. Minstemann somna ikkje før det var om lag ti minutt att, og dei to mellomste var flinke musikantar saman med resten av korpset.
No ventar skulearbeidet - eg skal førebu eit par timar, men det blir neppe tid til særleg mange stilar. Ikkje fungerer hovudet heilt klart heller.
Det var i alle fall kjekt å få besøk. Og så har du teke fine bilde av gullungane. Både den nyfriserte guten og musikantane ved treet var blinkskudd!!
SvarSlettSeier takk for det - dei begynner å bli bra fotogene etter kvart...
SvarSlett