søndag 20. desember 2009

20. desember: fjerde søndag og nisse i advent



I dag tidleg kunne Minstemann høgtidsamt ta ut den fjerde nissen og tenne alle fire lysa, sidan Eldstejenta ikkje var der. Det vart ein del uteliv i dag òg; hovudgeskjeften var å slå ned isjuklar og slenge dei på sjøen. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Elles surrar og går cd'ane med julemusikk, heimen luktar av grønsåpe og røykjelse og "rettearma" mi verkjer så det hyler i øyrene. Skikkeleg julestemning, med andre ord!

1 kommentar:

  1. Likar ikkje den der "rettearma" di, men den kjem seg vel etter ei pause i jula?Her i huset går det mest i litt golv-og klesvask.

    SvarSlett