onsdag 23. desember 2009

22. desember: juleferie!

Siste skuledag er overstått på tradisjonelt vis med gudsteneste og julelunsj. Ungane hadde noko tilsvarande, og dei fekk dessutan med seg heim ting dei hadde laga på juleverkstad i går, måndag.

Det er noko særeige ved den julepynten ungane lagar, og eg synest den har større verdi enn det meste ein kjøper på butikk. Heldigvis får ungane gjere ein del kjekt og morosamt på skulen, for i heimen blir det lite høve til denslags syslar i den travle førjulstida.


4 kommentarer:

  1. Ja, skulen har ei viktig oppgåve der. Ikkje berre det at ungane får lage noko kjekt, men også at ein tek vare på gamle julepynttradisjonar.(!!!)Alt etter kva dei meistrar. Og så blir det så sjarmerande, uansett. Den blå stjerna var skikkelig fin, forresten.

    SvarSlett
  2. Nummer 2 hadde laga den, Nummer 3 laga engelen og Minstemann laga grautmåltidet.

    SvarSlett
  3. Grautmåltidet er det hittil mest originale julekunstverket eg har sett. Artig.

    SvarSlett
  4. Det var noko som heitte "forming i verdilaust materiale"....
    Dette grautmåltidet har eg verkeleg sansen for!

    SvarSlett