torsdag 17. desember 2009

Bok 70 2009: "Spion i Hitlers rike" av Sverre Bergh og Svein Sæter


Sitat: "I denne boken forteller Sverre Bergh om sin innsats for britiske Secret Intelligence Service gjennom den norske etterretningsorganisasjonen XU. Under annen verdenskrig er Sverre Bergh en av de alliertes viktigste spioner i Hitler-Tyskland. Han avslører utviklingen av banebrytende tyske rakettvåpen (V2), og leverer flere rapporter om det tyske atomvåpenprosjektet. I februar 1945 er han nær ved å bli drept av sine egne, da Dresden bombes sønder og sammen. Massakren kan ha reddet livet hans. Gestapo var på jakt etter opplysninger om nordmannen. Boken inneholder avsløringer og skildringer av krigens psykologi, galskap og heltemot."

Eg synest boka har eit spennande emne, men den er skriven på ein måte som ikkje gjer den til spennande lesestoff. Det er vanskeleg å peike på kva det er, men mest truleg er det at fokuset ikkje ligg på dei mest spennande episodane, men på å få med fakta og tekniske detaljar. Dette er eit vanleg problem med biografiar.

Når etterordet kjem, får vi ein presentasjon av mennesket Sverre Bergh, og ei slags forklaring på kvifor boka er såpass lite dramatisk skrive. Då gir det plutseleg meining.

2 kommentarer:

  1. Meir enn ein gong har eg ergra meg over at ikkje "etterordet" står først i bøkene. I ei papirutgåve kunne ein hatt sjanse til å oppdage etterordet og lese det først, verre med lydbøker.See what I meen?

    SvarSlett
  2. Heilt einig. Av og til kan etterordet i ei krimbok vere ei aha-oppleving, men i ein biografi kunne dei like godt skrive ein presentasjon først.

    SvarSlett